Sirkeldeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sirkeldeling er det å dele periferien eller omkrinsen til ein sirkel i ei viss mengd like store bogar. Dette er ekvivalent med å innskrive ein regulær mangekant i sirkelen. Carl Friedrich Gauss viste i 1801 at sirkeldeling berre kan utførast ved konstruksjon med passer og linjal dersom mengda deler er lik produktet av ein potens av 2 og elles berre forskjellige Fermats primtal. Ein kan dermed ved konstruksjon innskrive ein sirkel i ein regulær 3-kant, 5-kant, 15-kant og 17-kant, men verken 7-kant eller 9-kant.

Centesimal sirkeldeling[endre | endre wikiteksten]

Centesimal sirkeldeling er ei sirkeldeling der sirkelen vert delt inn i 400 einingar, der einingane vert kalla gon. 1 gon vert vidare delt inn i 1000 mgon. Eininga vert nytta som vinkelmål i landmåling.

Seksagesimal sirkeldeling[endre | endre wikiteksten]

Seksagesimal sirkeldeling er når sirkelen vert delt inn i 360 einingar, der eininga vert kalla gradar (1º).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]