Sivilforsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sivilforsvaret er i fredstid ein norsk statleg forsterkingsressurs for naud- og redningsetatane ved større ulukker og naturkatastrofar. I krigstid skal Sivilforsvaret tryggja sivilbefolkninga mot skadar frå krigshandlingar. I tillegg til hjelpemannskap har Sivilforsvaret i krisesituasjonar ansvar for informasjon til sivilbefolkninga, varsling med sirener, drift av tilfluktsrom og evakuering.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Sivilforsvaret ligg under Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), og vert styrt av Avdeling for brann, redning og sivilforsvar (BRS)[1]. Etaten er organisert i 20 distrikt som dekkjer heile landet:

Internasjonalt symbol for sivilforsvar.
  • Aust-Agder Sivilforsvarsdistrikt
  • Buskerud Sivilforsvarsdistrikt
  • Hedmark Sivilforsvarsdistrikt
  • Hordaland Sivilforsvarsdistrikt
  • Midtre-Hålogaland Sivilforsvarsdistrikt
  • Møre og Romsdal Sivilforsvarsdistrikt
  • Nordland Sivilforsvarsdistrikt
  • Nord-Trøndelag Sivilforsvarsdistrikt
  • Oppland Sivilforsvarsdistrikt
  • Oslo og Akershus Sivilforsvarsdistrikt
  • Rogaland Sivilforsvarsdistrikt
  • Sogn og Fjordane Sivilforsvarsdistrikt
  • Sør-Trøndelag Sivilforsvarsdistrikt
  • Telemark Sivilforsvarsdistrikt
  • Troms Sivilforsvarsdistrikt}}
  • Vest-Agder Sivilforsvarsdistrikt
  • Vest-Finnmark Sivilforsvarsdistrikt
  • Vestfold Sivilforsvarsdistrikt
  • Øst-Finnmark Sivilforsvarsdistrikt
  • Østfold Sivilforsvarsdistrikt

Sivilforsvaret si verksemd er regulert av Lov 17. juli 1953 nr. 9 om sivilforsvaret mv. Ei endring i denne lova er for tida (april 2009) under utarbeiding [2]. Både kvinner og menn mellom 18 og 65 år kan påleggjast tenesteplikt. Også personar over 65 år kan påleggjast tenesteplikt i krigsreserven. I fredstid skriv Vernepliktsverket årleg ut 1000 personar til teneste i Sivilforsvaret. Desse vert valde ut blant menn som er fritekne for militær verneplikt eller er sivile vernepliktige, i tillegg til barnlause kvinner mellom 18 og 40 år. Også personar som er ferdige med den militære verneplikta si kan skrivast ut. Personar som er mellom 16 og 18 år eller over 65 år kan etter søknad og vurdering takast inn til teneste.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Sivilforsvaret er sett saman av 8 delar, som i sin tur er fordelte over tre nivå

I 2005 utgjorde den mobiliserbare mannskapsstyrken til Sivilforsvaret]]s 50 000 menn og kvinner, fordelt slik:

  • 3 000 personar i fredsinnsatsgrupper, mobile renseeinignar og patruljer for måling av radioakiv stråling (RAD)
  • 12 000 personar i katastrofeinnsatsavdelingar, medrekna dei 3 000 som er nemnde ovanfor
  • 50 000 personar i krigsreserven, medrekna dei 15 000 som er nemnde ovanfor

Grader[endre | endre wikiteksten]

  • Distriktssjef
  • Sivilforsvarsinspektør
  • Sivilforsvarsadjutant
  • Sivilforsvarsbetjent

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Historisk er utgangspunktet til Sivilforsvaret Det Frivillige Luftvern (seinare: Det Sivile Luftvern) som vart oppretta i 1936. Den fremste oppgåva til Sivilforsvaret var å hindra og rå bot på skadar i samband med krigshandlingar. Dette går òg fram av den gjeldande lova om sivilforsvar frå 1953. I praksis er ikkje dette lenger det viktigaste grunnlaget for at vi har eit sivilforsvar. Utviklinga i det moderne trugsmålsbiletet har gjort at Sivilforsvaret i dag i mykje større grad legg vekt på hjelpetiltak ved ulukker og katastrofar i fredstid. Dette følgjer også av endringar i det internasjonale trugsmålsbiletet med terrorhandlingar og internasjonale katastrofar, som også kan omfatta norske statsborgarar. Som ei følgje av dette er oppsetjingar og materiell modernisert for å kunna møta nye og framtidige utfordringar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Refefansar og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Organisering av Sivilforsvaret
  2. Ot.prp. nr. 61 (2008-2009)