Fred
- Sjå òg romanen Fred av Arne Garborg
Fred er ei nemning brukt om ein harmonisk tilstand utan konflikt. Det kan dreia seg om fråvere av ytre konfliktar, som krig eller krangel, eller at ein har oppnådd ro eller likevekt i sinnet. Omgrepet kan visa til ein uoppnåeleg utopi der alle medlemmene i eit samfunn lever i harmoni. Det kan òg brukast meir kvardagsleg om stiller utan plagsam støy eller uro.
Innhaldsliste |
Definisjon [endre]
Innan fredsforsking definerer ein gjerne fred som «positiv» og «negativ».
«Negativ fred» er definert som fråvere av krig og direkte vald mot menneske, og tek hovudsakleg for seg statseiningar. I denne tradisjonelle tankegangen reknar ein med at alle sosiale einingar i botnen byggjer på vald, der den sterkaste parten alltid vil kua den som er svakare for å halda freden ved like eller for å oppnå fordelar. Statar unngår krig gjennom alliansebygging og traktatar som opprettheld maktbalansen og avskrekkar andre statar. I denne tenkinga er fred sett på som noko nær ein unaturleg tilstand, ein slutt på ein krig (t.d. Freden i Amiens, Freden i 1945) eller berre ein pause mellom krigshandlingar.
«Positiv fred» er eit nyare omgrep som er mindre statsorientert og meir interessert i samfunnsstrukturen. Omgrepet peiker på at også når ein ikkje er i krig blir menneske drepne og skada (fysisk eller psykisk) på grunn av mistilhøve i samfunnet, som institusjonell vald, rasisme, utnytting eller fråvere av like moglegheiter (til dømes mellom ulike kjønn eller samfunnsgrupper). Ein vil først oppnå positiv fred om ein avskaffar slike mistilhøve og oppnår eit samfunn med fridom, likskap, integrasjon og liknande, slik at alle medlemmer kan leva eit fullverdig liv. Ei slik fred må skapast gjennom ein stadig prosess som legg vekt på forhandling, forsoning og vennleg framferd. Definisjonar av denne typen er blitt meir utbreidd i nyare fredsforsking, medan «negativ fred» er blitt mindre vanleg.
Fredsarbeid [endre]
Ei rekke fredsrørsler har prøvd å oppnå ulike former for fred gjennom tidene. Mange av dei har arbeidd mot éin spesiell krig, men verdsfred har også vore eit viktig mål. Slike grupper kan arbeida gjennom demonstrasjonar, boikott, lobbyverksemd og støtte til pasifisme, ikkje-vald og lovar som avgrensar vald og våpenbruk.
Nokre personar som har arbeidd for fred og fredelege løysingar er Mahatma Gandhi, Martin Luther King og Bertha von Suttner, som truleg inspirerte Alfred Nobel til å oppretta Nobels fredspris.
Dei sameinte nasjonane og Folkeforbundet er internasjonale institusjonar som har eller hadde som mål å skapa dialog mellom ulike statar for å oppnå fred.
Fredssymbol [endre]
-
Ei olivengrein blir halde opp av gudar mot englar i ein allegori av Pyrené-freden i 1659.
-
Kjent fredssymbol først brukt på 1960-talet.
-
Ei due er ofte nytta som eit symbol på fred (fredsdue)
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fred» frå Wikipedia på svensk, den 26. oktober 2008.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: Svante Karlsson (2004). Freds- och konfliktkunskap. Lund: Studentlitteratur
- Denne artikkelen bygger på «Peace movement» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2008.
- Robin J. Crews «Peace» The Oxford Companion to American Military History. John Whiteclay Chambers II, ed., Oxford University Press 1999. Oxford Reference Online. Oxford University Press.