Sjakklokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Digital sjakklokke

I sjakk og andre spel mellom to personar der tenketida er avgrensa, blir ei sjakklokke brukt for å måle tida som har blitt brukt.

Ei sjakklokke består eigenleg av to klokker, som er kopla saman på ein slik måte at når den eine går, så står den andre. Når ein spelar har gjort eit trekk, trykker han ned knappen på si klokke, noko som stansar hans klokke og set i gang motstandaren si klokke.

Klassiske analoge klokker med urskiver er framleis svært vanlege og ikkje så ulike dei opphavlege sjakklokkene. Eit tidleg problem var det at det på ei vanleg klokke ikkje er så lett å seie på sekundet når langvisaren peikar rett opp og grensa for tenketida er brukt opp. Då regulering av tenketida vart innført var straffa for å overskride tenketida ei lita bot, og det var difor ikkje så kritisk å ha det heilt nøyaktig når tenketida var brukt opp. Men då straffa vart tap av partiet ved «klar» overskriding av tenketida, vart det ein del tvistar. Som løysing på problemet, og klart vise når tenketida var brukt opp, vart analoge sjakklokker utstyrt med ein «klaff» litt til venstre for 12-talet. Når tida er i ferd med å bli brukt opp, vil langvisaren løfte klaffen oppover til langviseren passerer 12. Då fell klaffen, og markerer at tida er ute.

Som regel er sjakklokka innstilt på å la klaffen falle når klokka viser klokka 6. Viss tenketida er til dømes 40 trekk på 90 minutt og deretter 30 minutt på resten av partiet blir klokka stilt på 4:30. Dette gjer at klaffen blir løfta og fell klokka 5 også, men dette har inga tyding utanom å markere at ein halv time har gått. Når 40 trekk har blitt spela blir klokka stilt tilbake med ein halv time etter beste skjønn - som regel av turneringsleiaren. Hadde tida for andre tidskontroll vore resten av partiet på 60 minutt, kunne ein heller berre latt klokka gå til 7. For å telje trekka har begge spelarane noteringsplikt.

Sjakklokker med digitalt display har dei siste åra blitt vanlege, og har fleire fordelar framfor dei analoge. Digitale sjakklokker er mykje meir nøyaktige, og viser på sekundet kor mykje tid som er står att av tenketida til kvar spelar. I tillegg kan digitale klokker som regel by på ei rekkje variantar av tenketid, som for eksempel å gi ekstra tid for kvart trekk som blir spela - til dømes 30 sekund. Klokkene er også ofte utstyrt med trekkteljar som held greie på kor mange trekk som er gjort. Digiale klokker er noko dyrare enn analoge.