Klokke
-
- For andre tydingar, sjå Klokke (fleirtyding)
Klokker (latin cloca, 'bjølle') eller ur er instrument brukte til å måla og varsla tid med. Dei kan vera enkle innretningar som solur, mekaniske bjeller eller meir innvikla mekaniske urverk eller digitale krinsar som gjev informasjon om tida. Klokker kan syna eit tidspunkt i timar, minutt og nokre gongar sekund, men dei kan også visa større einingar, som dato, og mindre, som millisekund.
Klokker finst som frittståande møbel eller berbare armbandsur og lommeur, men er ofte også del av ein annan gjenstand, som eit bygg, ein datamaskin eller anna elektronisk utstyr.
[endre] Historie
Solur, som har vore i bruk sidan oldtida, syner tida som ein skuggen frå ei stong i midten av ei solskive som er delt inn i tidsintervall. Andre måtar å markerer tid på er ved hjelp av timeglas, der sand renn frå eit rom til eit anna i løpet av eit visst tidsrom, eller lys eller røykjelse som brenn opp på ei rimeleg fast tid.
Mekaniske klokker blei laga i Tyskland, Storbritannia og Frankrike frå 1600-talet. Rundt 1660 klarte klokkemakarar å laga doble urverk slik at ein kunne innføra minuttvisar i tillegg til timevisar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Klokke» frå Wikipedia på bokmål, og «Clock» frå Wikipedia på engelsk den 13. mars 2008.