Sjosja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sjosja | ||
| Munning | Volga | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 163 km | |
| Middelvassføring | 95,7 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 3 080 km² | |
Sjosja (russisk Вишера) er ei elv i Tver Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå høgre. Elva er 163 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 080 km².
Elva har utspring i Moskvahøgdene. Den øvre delen er særs svingete, med bratte breidder. Nedanfor landsbyen Turginovo vert breiddene lågare og her og der myrlendte. Etter at Sjosja renn saman med Lama, den største sideelva hennar, renn ho ut i Ivankovskoje-reservoaret.
51 km frå munningen hennar er middelvassføringa 8,5 m³/s. Elva frys til ein gong mellom november og tidleg januar, og er islagd til slutten av mars eller april.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Шоша» frå Wikipedia på russisk, den 30. oktober 2008.