Sjursøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjursøya sett frå Ekebergskråninga
Foto: Helge Høifødt

Sjursøya er eit hamneområde i Oslo.

Opphavleg var Sjursøya ei kupert og idyllisk lita øy i Oslofjorden, ikkje langt frå land. Men etter anleggsarbeid på 1920- og 30-talet vart øya omgjort til ei landfast utstikkar med kaier og andre innretningar, og kom til å inngå i den hamna som vart bygd sørover langs foten av Ekebergåsen i Oslo mot Bunnefjorden.

I gamal tid budde det ein fiskarfamilie på Sjursøya, og fiskaren sette vanlegvis garna på nordvestsida av øya. Frå 1870-åra og fram til 1920 var det berre sumarhus, sumarvillaer, for velberga osloborgarar på øya, som var blant dei fyrste øyane i Oslofjorden som vart teke i bruk til slikt. Øya hadde ikkje brusamband med fastlandet, og var så strengt privat at ingen uvedkomande fekk gå iland. Eigedomane var skilde frå kvarandre med gjerde. Forfattaren Johan Borgen har skildra livet og tilhøva her i bokverket Barndommens rike frå 1965; i barndommen hans disponerte familien eit av desse sumarhusa.

Hamnevesenet byrja i 1921 å sprengje ned og planere ut heile øya, og fjerna dei tretten villaene som stod der då. Sprenginga og utfyllinga vart gjort som naudsarbeid for å sysselsette arbeidslause, og mange av dei som tok del i dette, var urøynde og utan kunnskap om slikt arbeid. I 1934 var det fylt ut heilt til lands, slik at den no heilt flate øya hadde vorte landfast, og bygginga av kaier tok til.

I dag dominerast Sjursøya av ymse bygningar og innretningar som trengst for moderne lossing og lasting av skip og lagring av lasta. Her er vegar og jarnbanespor, lagerskur, heisekraner og lagerplass for containerar, store siloar for sement, fleire bensin- og oljetankar og dessutan innretningar for å fylle flybensin i tankvogner for å frakta han på jarnbane til Oslo lufthamn, Gardermoen.

Ei alvorleg jarnbaneulukke skjedde på Sjursøya 24. mars 2010, då eit sett på 16 tomme jarnbanevogner for containerar rulla ukontrollert frå Alnabru godsterminal og skiftestasjon i Oslo og ned Loenga-Alnabrulina til Sjursøya, der dei trefte ein bygning. Høgdeskilnaden er om lag 90 meter, og vognsettet hadde stor fart då det trefte bygningen. Tre personar på Sjursøya vart drepe, og fire skadd.