Skagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skagen
Sentrum av Skagen.Foto: Tomasz Sienicki
Sentrum av Skagen.
Foto: Tomasz Sienicki
Byvåpenet til Skagen
Byvåpenet til Skagen
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Nordjylland
Frederikshavn kommune
Grunnlagd Nemnd første gong i 1299, fekk kjøpstadsrettar i 1413[1]
Borgarmeister Thomas Lykke Pedersen S (2014-2017)[2]
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2013)

8 220[3]
Koordinatar 57°43′20″N 10°35′16″EKoordinatar: 57°43′20″N 10°35′16″E
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside
Skagensgult hus
Foto: Malene Thyssen
Skagens segl frå 1535 og 1648

Skagen er byen i Danmark som ligg lengst nord i landet, på Jylland. Byen har 8 220 innbyggjarar (2013) og ligg i Frederikshavn kommune under Region Nordjylland. Fram til kommunereforma i 2007 låg han i Skagen kommune.

Byen er kjend for fiskerihamna og er eit populært mål for turistar. Her kan ein sjå Den tilsandede kirke og vitja Grenen, som skil Skagerrak frå Kattegat. Vil ein sjå vidt omkring, kan ein koma opp i det høgaste fyrtårnet i Danmark Skagen Fyr, òg kalla Det grå fyr. På ein god dag kan ein då sjå eit særprega landskap.

Ei gruppe kunstmålarar kalla skagensmålarane, fann lyset så særmerkt og spennande at dei busette seg i området. Mange av kunstverka deira kan sjåast på Skagens Museum.

Fargen på husa er spesiell, og kalla skagengul. Kvite kantar på taksteinane er mykje nytta.

Ein person frå Skagen vert kalla ein skagbo (òg stava «skawbo»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 39, ISBN 87-567-6203-8
  2. Kommunalvalg i 2013 frå Berlingske (Vitja 25. desember 2013)
  3. Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 12. februar 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skagen