Skifte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skifte (òg kalla byte) er eit av dei eldste juridiske omgrepa vi har i Noreg, og tydar kort og godt «deling». Det kan vere deling av eit konkursbu mellom buet sine kreditorar, deling av eit felleseige mellom to ektefellar som blir separerte eller skilde, eller deling av eit dødsbu mellom arvingane. Eit jordskifte er ikkje eit skifte i denne meininga av ordet, då dette er ei omfordeling av jord og rettar mellom gardar med ulike eigarar for å få til meir høvlege jordbrukseiningar.

Arvingane etter ein avliden kan sette fram krav for tingretten om at retten skal take seg av skiftinga av dødsbuet (offentleg skifte) mot å betale for det, eller dei kan ordne opp sjølve (privat skifte).

Sentrale lover for skifte[endre | endre wikiteksten]

  • Konkurs: Konkurslova, dekningslova og pantelova.
  • Ektefelleskifte: Skiftelova og ekteskapslova.
  • Dødsbuskifte: Skiftelova, arvelova og arveavgiftslova.

Tidlegare var skifterett nemninga på den noverande tingretten (den tidlegare byretten eller heradsretten) når retten hadde skiftesaker til førehaving. Men denne nemninga vart avskaffa etter at nemningane byrett og heradsrett vart skifta ut med nemninga tingrett, slik at tingrett no skal nyttast i alle høve.

Skifte som historisk kjelde[endre | endre wikiteksten]

Offentleg arveskifte var innført i Noreg kring midten av 1600-talet. Offentleg skifte var påbode når den avdøde etterlet seg umyndige, fråverande eller utanlandske arvingar. På 1700-talet var likevel dei fattigaste fritekne for offentleg skifte.[1]

Statsarkiva har teke vare gamle skiftedokument, dei eldste er frå 1656. Skiftedokument kan gje informasjon om eigedelar og formuestilhøve i gammal tid. Avskrifter av skifteprotokollane er mykje brukte som kjelde for slektsgranskarar.

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]