Skotår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit humoristisk kort frå skotåret 1908 som viser kvinner som lurer på ein ung mann. Skotår var tradisjonelt det einaste året då også kvinner kunne fri.

Eit skotår er eit år som er litt lengre enn eit normalt år. «Skot» viser til at ein «skyt inn» ein ekstra tidsbolk i året. I vestleg tidsrekning inneber dette at året har éin dag meir enn normalår. I lunisolarkalendrar som den babylonske, jødiske og den gamle romerske har skotår ein ekstra skotmånad.

Jorda brukar ca. 365,2422 dagar på ein runde rundt sola. Eit normalt år har 365 dagar, med 28 dagar i februar. I eit skotår har februar ein ekstra dag, 29. februar, og samla 366 dagar for heile året. Grunnen til at den ekstra dagen vart lagt til februar, og grunnen til at februar er så mykje kortare enn dei andre månadene er at i den eldre romerske kalenderen var mars den første månaden i året og februar den siste.

Ein kuriositet er at den «nye» dagen ikkje vart lagt sist i månaden, men etter den 24. februar. Den 24. februar var av romarar kalla dag 6 før Kalendæ i mars. Skotdagen vart då kalla den andre dag 6 før Kalendæ i mars. Kalendæ er romarane sitt namn på den første dagen i månaden, og dei rekna seg bakover til Kalendæ, der dag 1 før Kalendæ var Kalendæ sjølv.

Eit skotår er normalt kvart fjerde år — i alle årstal som er delelege med 4. Unnataket er hundreåra (1700, 1800, 1900 osv.), som ikkje har skotår med mindre dei også er delelege med 400 (1200, 1600, 2000, 2400 osv.). Det var såleis skotår i 2000, men skotåret fell bort i 2100. Denne fordelinga av skotår vart innført i Noreg med den gregorianske kalenderen i år 1700.