Skukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein skukk er rommet over betane eller bjelkane i eit uthus. Sjølve rommet vert trekanta. Det vert høgast under mønet. På båe sider skrår taksidene ned mot rafta. Skukken er namnet på golvet i dette rommet. Ein finn skukkar i hus av grind eller bindingsverk, som til dømes i smalefjøs, løer og skytjer. Skukkegolvet har vorte laga av hesjestaur og kornstaur som ikkje er i bruk. Dei vert lagde opp på skukkåsane, som ligg på langs av huset, over betane. For å få større rom på skukken, kan skukkåsane festast i klavar eller kne under betane.

Skukken har vorte nytta som lagringsplass etter som det var trong til. Han fekk namn etter huset, eller den delen av huset, han var plassert i. I løa kunne ein finne låveskukken over låven og halmskukken over kornstålet. I ei skytje vart skukken kalla skytjeskukken. Her var det vanleg å samle emningsved under vedhogsten.

Nemninga «skukk» vart helst brukt i midtre og sørlege del av Vestlandet. Andre stader kunne rommet over betane til dømes kallast «lem», «staurlem», «hjell» eller «trev».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ola Tveien: «Om skukk og skytja i Hosanger» i Norveg. Folkelivsgransking 7 (Oslo, 1960)