Skum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skumbobler skapt av såpe.

Skum er ei konsentrert fordeling av gassfylte bobler i eit flytande eller fast medium. Ein skil mellom kuleskum, der boblene stort sett er fråskilde og har kuleform, og polyederskum, der boblene ligg tettpakka, berre skilt av ei tynn, nesten plan hinne slik at dei får form av polyeder (mangekantar). Som regel reknar ein skum der gassvolumet utgjer mindre enn 74 % av det totale skumvolumet som kuleskum.

Skum har stor overflate, og denne representerer potensiell energi (overflateenergi), som systemet vil kvitte seg med. Skum i væsker er difor alltid lite og skumdanning blir vanskelegare jo større overflatespenninga er. Midlar som reduserer overflatespenninga, t.d. såpe, verkar samstundes skumdannande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skum. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/skum.