Slaget ved Suomussalmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Suomussalmi
Del av Vinterkrigen
Battle suomussalmi.jpg
Kart
Dato 7. desember 1939 til 8. januar 1940
Stad Suomussalmi i Finland
Resultat Finsk siger
Partar
Flag of Finland.svg Finland Sovjetunionen Sovjetunionen
Kommandantar
Oberst Hjalmar Siilasvuo General Dashitsev
Styrkar
3 regiment og enkelte bataljonar,
11 000 mann
2 divisjonar
1 tankbrigade
45 000-50 000 mann
Tap
900 falne
1 770 skadde
27 500 falne og forsvunne
85 stridsvogner
537 lastebilar
1 620 hestar
138 kanonar
6 000 gevær

Slaget ved Suomussalmi vart utkjempa mellom finske og sovjetiske troppar under vinterkrigen. Trefningane skjedde mellom den 7. desember 1939 og den 8. januar 1940. Resultatet vart ein knusande finsk siger mot ein talmessig overlegen sovjetisk styrke, og slaget har vorte eit symbol på finsk heltemot under vinterkrigen.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den 30. november kryssa den sovjetiske 163. divisjonen grensa til Finland og gjekk mot Suomussalmi. Det sovjetiske målet var å ta byen Uleåborg og dermed dele av Finland i to delar. Berre ein finsk bataljon (Er.P 15) var i området, plassert i Raate, utanfor Suomussalmi. Dei sovjetiske styrkane tok Suomussalmi utan stor motstand den 7. desember. Den fyrste intensive striden kom den 8. desember då sovjetiske styrkar gjekk til åtak over dei islagde sjøane i vest. Åtaket mislukkast totalt. Eit nytt mislukka åtak gjekk mot nordvest, mot Puolanka,.

Den 9. desember styrkte finnane forsvaret med eit nydanna infanteriregimentet IR 27. Oberst Hjalmar Siilasvuo fekk leiinga, og dei finske styrkane gjekk til åtak for å ta attende Suomussalmi, under stor motstand med alvorlege finske tap. Den 24. desember gjorde russarane eit nytt mislukka åtak på dei finske styrkane som omkrinsa staden. Styrkte med ytterlegare to nye infanteriregiment (IR 64 og IR 65) gjekk finnane til nytt åtak den 27. desember. Denne gongen greidde dei å ta byen, og dei sovjetiske flydde i panikk over dei islagde sjøane.

Samstundes hadde den sovjetiske 44. divisjonen nærma seg austfrå mot Suomussalmi. Divisjonen vart omringa på vegen mellom Suomussalmi og Raate. Mellom den 4. januar og 8. januar greidde finnane å kløyve den sovjetiske divisjonen i mange isolerte grupper, som sidan vart eliminert av dei finske troppane.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Slaget vart rekna som ein viktig siger for finnane. Om dei sovjetiske troppane tok Uleåborg ville det delt landet i to, og den viktige jarnvegen til Sverige ville vorte broten. Slaget var òg viktig for krigsmoralen til finnane. Dessutan fekk finnane viktig hærfang, deriblant 43 stridsvogner, 71 kanonar, 260 lastebilar, 1 170 hestar, 29 panservernkanonar og andre våpen som var av stor verdi for den finske hæren.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Suomussalmi

Slaget ved Suomussalmi er ofte presentert som eit skuleksempel på korleis ein liten lokalkjend styrke kan vinne over ein talmessig overlegen fiendestyrke. Avgjerande for den finske sigeren var:

  • Større mobilitet: Dei finske skitroppane var meir mobile enn russarane, som var bundne til vegane på grunn av tyngre utrustning, og slik vart målskiver for finske åtak.
  • Fleksibel og uortodoks strategi: Dei finske styrkane gjekk til åtak på sovjetiske suppekjøken, og demoraliserte fienden i den strenga vinterkulda.
  • Dei sovjetiske telefonlinene vart avlytta av finsk etterretning.
  • Finnane var betre utstyrde for vinterkrig.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Slaget vart eit symbol på finsk styrke i ein krig dei likevel tapte.

Slaget ved Suomussalmi gjev rammene for forteljinga i Roy Jacobsens roman Hoggerne (2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]