Slagkryssar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den britiske slagkryssaren HMS «Invincible»

Slagkryssar var ein type krigsskip utvikla på byrjinga av 1900-talet. Konseptet var eit krigsskip med væpning på linje med slagskip, men med lettare pansring for å oppnå større fart. Tanken var at slagkryssarar skulle ha større slagkraft og rekkevidde til å øydeleggje fiendtlege kryssarar og samstundes vere raske nok til å sleppe frå slagskipa. Erfaringar som vart gjort under første verdskrig, spesielt i slaget ved Jylland, viste at slagkryssarane var sårbare, og då krigen slutta, vart dei aller fleste hogne opp.

Tyskland bygde derimot opp en slagkryssarflåte like før utbrotet av andre verdskrigen. Spesielt kjend er «Gneisenau» og «Scharnhorst».

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slagkryssar