Slitekjøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slitekjøl eller stråkjøl vert brukt på farkostar av tre for verne kjølen mot slitasje. Det er ei list som vert festa under kjølen. Ho vert nagla eller spikra fast i kjølen. Om det vert brukt spikar må dei slåast godt inn så dei ikkje vert stikkande ut om slitekjølen vert nedsliten. Slitekjølen kan skiftast ut om han vert skada eller utsliten. Han vert gjerne laga av bjørk eller osp, som er eit treslag som toler opphald i vatn godt. Andre namn på sliekjølen er kjøldrag, drag eller drog. Nemninga stråkjøl vert brukt på større båtar og fartøy.