Slupp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tradisjonell slupp

Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt mast med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var mindre enn denne.

I distriktet Sunnhordland / Hardanger vart òg ordet slupp nytta om fartøy som vart rigga med to master — såkalla «topinna sluppar». Folk frå Sunnhordlandsdistriktet har fått stipend for å reisa til Holland å studera korleis hollenderane bygde desse fartøya[treng kjelde]. Dei tidlege sluppane hadde berre éi mast, men etterkvart som dei vart nytta i nordsjøfiske vart alle bygde eller rigga med to master. Nokre få var rigga med «stengerigg», todelt mast som kunne takast ned, og klyverbom som kunne takast inn. Dei eldre sluppane kunne ha opptil fire råsegl, men i seinare tid var det vanleg med éi breifokk, og nokre få eksemplar hadde rå-toppsegl. Seinare vart mesta alle rigga med «pålemast». Seinare, når motor vart vanleg, endra nemninga seg til kutter eller motorkutter.

Skilnaden på kutter og slupp gjekk oftast på skroget — kor skarpskore det var; riggen var stort sett lik.

Slupp blir òg bruka i sjømilitær terminologi og er der eit omgrep for ein mindre skipsbåt (eventuelt med motor) for personbefordring. Ein slupp er mindre og lettare enn ein barkasse.