Smögen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°22′N 11°14′E

Smögen
Bryggen i Smögen

Smögen er ein svensk tettstad og ei øy i Sotenäs kommun i Västra Götalands län i landskapet Bohuslän. I 2005 hadde tettstaden 1 437 innbyggjarar. Smögen er best kjend for hamna si med ei 600 meter lang brygge som trekker til seg tusentals av båtturistar kvar sommar. Langs brygga ligg det tett med butikkar og spisestader. Kvar morgon vert det halde fiskeauksjon i Smögen.

Øya Smögen har ei utstrekning på kring 1 km² og består av Smögenön i sør og Hasselön i nord. Sundet mellom desse to øyene har blitt fylt att, slik at Smögen er ei samanhengande øy. Smögen har samband til Kungshamn over den 500 meter lange Smögenbron, bygd i betong i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Smögen