Bohuslän

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bohuslän

Bohuslän sitt landskapsvåpen

Latinsk namn Bahusia
Landsdel Götaland
Fylke Västra Götalands län
Bispedømme Göteborgs stift
Flatevidd 4 477 km²
Folkesetnad
 - folketal (2004)

272 663
Landskapsblome
 - latin
Villkaprifol
Lonicera periclymenum
Landskapsdyr Steinkobbe
Landskapsfugl Tjeld
Landskapssopp Kritøsterssopp
Landskapsinsekt Moskusbukk
Landskapsmose Vengemose
Landskapsstein Båhusgranitt
Landskapsfisk Makrell
Båhusläns plass på Sverigekartet
FC-Bohuslän, Sweden.png

Bohuslän (norsk: Båhuslen) er Sveriges vestlegaste landskap. Det vender mot Skagerrak i vest, og har grenser mot Västergötland og Dalsland i aust, og Noreg (Østfold fylke) i nord.

Uddevalla er den største byen som ligg heilt innanfor landskapet, mens den mykje større byen Göteborg har fleire forstader i Bohuslän, sjølv om brorparten ligg i Västergötland. Eldste byen er Kungälv, som vart grunnlagd rundt 1100.

Landskapet er kjent for fiskeri og turisme i skjergarden, og har 20 000 registrerte fornminne, mellom anna ei mengd helleristingar. Helleristingsområdet i Tanum er teke med på UNESCOs verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bohuslän høyrde til Noreg, og kongeriket Danmark-Noreg, fram til freden i Roskilde i 1658. Heile landskapet unnateke Enningdalen vart då ein del av Sverige.

Landskapet er kalla opp etter Bohus fästning. Kong Håkon V Magnusson av Noreg lét frå 1308 byggja Båhus festning.

Øyar i Bohuslän[endre | endre wikiteksten]

Stader i Bohuslän[endre | endre wikiteksten]

Bohuslän-Marstrand.jpg
Døme på helleristingane i Tanum

Kommunar i Bohuslän[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bohuslän