Smoking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smoking

Smoking er ein klednad som kan brukast av menn i samband med festlege eller formelle høve. Det finst også ein sjeldnare smoking for kvinner.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Buksa og jakka er vanlegvis svarte eller mørkeblåe på fargen, men ein kan også ha jakke i andre fargar, i nokre høve også mønster. I sommarhalvåret eller i varme område er til dømes jakke i kvitt vanleg. Ein smokingjakke er som regel av ull, og har jakkeslag i sateng, ofte silkesateng. Jakka kan vere både enkelt- og dobbeltspent, og har anten spisse slag eller sjalskrage. Buksa har silkeband som render i sidene.

Robert Fraser i smoking med magebelte.
Foto: Stephanie Newell

Smokingskjorta er kvit med doble mansjettar, og kan ha stiva bryst i piké for pynteknappar med og utan stiva krage. Til smoking bruker ein svart, helst sjølvknytta tversoversløyfe. Rundt 1920 vart magebelte populært i Det britiske imperiet, då det vart brukt til å leggje ballkortet i. Difor skal brettane på magebeltet vende oppover. Fottøy til smoking er lakkskor.

Smoking er rekna som meir formell enn mørk dress og mindre formell enn kjole og kvitt. Kleda blir ofte brukt på kveldstid. Ved høve der menn brukar smoking, bør kvinner på tilsvarande måte bruke selskapskjole.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Portrait d'un homme av Jan Van Beers.

Smokingen blei innført i selskapsliv sist i 1880-åra, som ein mindre formell variant av snippkjole. Sjølve utforminga fann likevel stad tidlegare. På 1860-talet laga skreddarhuset Henry Poole & Co. «short smoking jackets» for høgtståande personar som Prinsen av Wales. Då den rike amerikanaren James Potter blei invitert av prinsen til Sandringham House, bad han om råd for kva han skulle ha på seg ved uformelle middagsselskap, og blei send til Henry Poole for å få ein dinner jacket, som plagget i dag heiter på britisk engelsk og i nordaustre USA. Potter drog tilbake til heimbyen New York i 1886, og hadde med seg det nye plagget til klubben sin, Tuxedo Park. Her blei han teken i bruk av andre medlemmer, og fekk slik det amerikanske namnet tuxedo. På engelske kan dressen også heita black tie, etter den svarte tversoversløyfa, i motsetnad til white tie, kjole og kvitt. På andre europeiske språk er klesdrakta gjerne kjend som smoking.

Marlene Dietrich vekte oppsikt då ho brukte smoking på 1920-talet. I 1966 innførte Yves Saint-Laurent Le Smoking, ein smoking for kvinner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Smoking

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lundesgaard, Erik; Skikk & Bruk, Cappelen (2005)
  • Roetzel, Bernhard; Ein Gentleman, Könemann (1999)
  • Christensen, Mads; Absolutt Menn, Cappelen (1998)