Edvard VII av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward VII, konge av Storbritannia og Irland, keisar av India.

Edvard VII (9. november 18416. mai 1910) engelsk Edward VII (Albert Edward) var den fyrste britiske monarken av fyrstehuset Saxen-Coburg-Gotha. I tillegg til å vera konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, og britiske oversjøiske koloniar, var han og keisar av Britisk India. Edvard vart 3. oktober 1874 utnemnt til storkrossen med kjede av St. Olavs Orden. Han regjerte frå då mor hans, Victoria av Storbritannia, døydde den 22. januar 1901. Han var konge fram til han døydde den 6. mai 1910. Før han vart konge hadde han tittelen Prince of Wales (prins av Wales). Edvard er den som til no har vore kronprins i lengst tid i britisk og engelsk historie.