Snillfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Snillfjorden er ein fjordarm av Hemnfjorden i Snillfjord kommune i Sør-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 14 km austover til tettstaden og kommunesenteret Krokstadøra i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hafsno i nord og Forrahammaren i sør. Bygda Ytre Snillfjord ligg på sørsida like nesten heilt ytst i fjorden. Grenda Skorilla ligg litt lenger aust, og her endar vegen. Heile nordsida av fjorden, og sørsida innover frå Skorilla er ikkje utbygd med veg. Det ligg enkelte isolerte gardsbruk på nordsida.