Sohar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sohar
by
Fortet i Al Hujra.
Land  Oman
guvernement Al Batinah Nord guvernement
Høgd moh.
Koordinatar 24°20′31.2″N 56°43′47.6″E / 24.342000°N 56.729889°E / 24.342000; 56.729889
Folketal 140 006  (2010)
Tidssone Oman standardtid (UTC+4)
Kart
Sohar
24°20′31″N 56°43′48″E / 24.342°N 56.729888888889°E / 24.342; 56.729888888889
Wikimedia Commons: Sohar

Sohar (arabisk صُحار, òg skrive Sohār eller Suhār) er hovudstaden og den største byen i Al Batinah Nord guvernement i Oman. Det er ein gammal hovudstad i landet og var ein gong ein viktig, islamsk hamneby,[1] Sohar er òg rekna som den mytiske fødestaden til Sinbad sjøfararen.[2]

I følgje ei folketeljing i 2010 hadde Sohar 140 006 innbyggjarara, som gjer han til den femte største byen i Oman.[3] Utviklinga av Sohar industrihamn i 2000-åra har omgjort byen til eit stort industrisenter i Oman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som den største byen i regionen, er det blitt hevda at Sohar er identifisert som oldtidsbyen Omana, som var nemnt av Plinius den eldre i hans Naturhistorie. Ein trur denne busetnaden har gjeve namn til Oman.[4]

Mange av innbyggjarane i Sohar kjem frå Al-Alawi-stamma.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sohar har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og milde vintrar. Her kjem lite nedbør og meir enn halvparten av årsnedbøren kjem i februar, medan somrane er heilt tørre.

Vêrdata for Sohar
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 32,6 32,1 37,4 44,5 46,9 48,5 50 45 43,2 42,4 37,7 33,9 50
Gjennomsnittleg maks °C 24,2 25,3 27,5 31,9 36,3 36,9 36,2 34,7 34,1 33 29,5 26,1 31,3
Døgnmiddeltemperatur °C 18,9 19,5 22,4 26,8 31 32,7 33 31,6 30,3 27,4 23,7 20,4 26,5
Gjennomsnittleg min °C 12,4 13,3 16,1 19,6 23,7 26,2 28,2 27,1 24,7 20,4 16,8 14,4 20,2
Lågast målte °C 5,7 5,8 6,8 11,2 16 19,7 22,4 21,4 17,4 12 8 7,4 5,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 4,7 56,2 17 7,8 2,5 0 0,1 0 0,5 0 3,8 15,9 108,5
Gns. luftfukt (%) 72 74 72 65 63 70 77 80 79 73 72 74 73
Gns. solskinstimar i månaden 269,4 228,6 230,8 276 322,4 310,9 281,5 275,6 276,3 284,6 257,5 259,8 3 273,4
Kjelde: NOAA (all but average maximum, 1980-1990) [5]www.world-climates.com (average maximum) [6]


Industri[endre | endre wikiteksten]

Det vert for tida gjort store investeringar i Sohar, særleg i hamna i Sohar. Hamna vart grunnlagd i 2002 på grunn av den strategiske plasseringa nær Hormuzsundet. Ho vart driven av Sohar Industrial Port Company (SIPC). Dei noverande investeringane har passert 12 mrd. dollar.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Sohar Regional Sports Complex er hovudareanen for idrett i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Agius, Dionisius A. (2008). Classic Ships of islam: From Mesopotamia to the Indian Ocean. Brill. s. 85. ISBN 9789004158634. Henta 5. juni 2016. 
  2. «Tourist Information». Port of Sohar. Arkivert frå originalen 22. mars 2012. Henta 5. juni 2016. 
  3. «timesofoman.com». timesofoman.com. Arkivert frå originalen 25. juli 2011. Henta 5. juni 2016. 
  4. Encyclopedia of islam. «Oman». E. J. Brill (Leiden), 1913.
  5. «Majis Climate Normals 1980-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 15, 2013. 
  6. «Sohar Climate». www.world-climates.com. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta January 15, 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]