Sokn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Eit sokn er den lågaste forvaltingseininga innanfor kyrkja i land som Noreg og Danmark. Fleire sokn kan danne eit prestegjeld, altså ha ein sokneprest saman, medan kvart sokn skal ha ei soknekyrkje.

I Den norske kyrkja vel medlemmene av soknet to organ, eit sokneråd og eit kyrkjeleg fellesråd. Det skal vere kyrkje i kvart sokn. I Den katolske kyrkja er eit sokn den lågaste juridiske einiga. Lågare einingar, messestader og kapelldistrikt, er alltid underlagt eit sokn og ein sokneprest, men kan likevel ha eit visst sjølvstyre.

[endre] Soknekyrkjer

Vanlegvis har sokn i Noreg éi soknekyrkje, som kyrkjelyden der vanlegvis sokner til. I tillegg kan sokna ha fleire ande kyrkjer som då gjerne er kjende som kapell. Dersom fleire sokn deler prest, er kyrkja i hovudsoknet kalla hovudkyrkje medan dei andre kyrkjene er kalla annekskyrkjer. Dei fleste domkyrkjeer er også soknekyrkjer.

Mange eldre soknekyrkjer blei bygd om på 1800-talet, etter at kyrkjelova av 1851 bestemte at kvar sognekyrkje skulle ha plass til minst tre tidedelar av innbyggjarane. Mange av dei var langkyrkjer som blei forlenga eller som fekk krossarmar.