Solo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar, sjå Solo (fleirtyding)
Solo-flaske
Gammal reklamevegg for Solo i Oslo: "Først mot tørst"

Solo er i si opphavlege utgåve ein norsk appelsinbrus, eit produkt som òg kallast kolsyrehaldig leskedrikk. Appelsinbrusen vart lansert i 1934 etter at Torleif Gulliksrud tok med seg oppskrifta frå Spania til Tønsberg Bryggeri. Solo hadde ein marknadsdel på 7 % i Noreg i 2005, men drikken var fram til 1960-talet landets mest selde brus, inntil Coca-Cola og seinare Pepsi passerte den på salsstatistikken. På det meste hadde Solo ein marknadsdel på heile 25 % i Noreg.

Den 1. februar 2010 lanserte Ringnes òg Solo Sitron.

  • Etter den andre verdskrigen var sukker ofte mangelvare, og Solo måtte redusere sukkerinnhaldet i brusen. Dette vart slutt i 1952 då Solo igjen var «fullsukra».
  • I 1959 selde det i juni 8 270 159 flasker.
  • I 1982 kom Solo i halvlitersflasker av glas. Året etter kom dei på 0,33 cl boks. Ti år etter det igjen, i 1993, kom den fyrste halvlitersflaska av plast.
  • I 1994 gjekk Soloflaskene attende til den originale etiketten, etter fleire forandringar sidan 1934.
  • Den amerikanske filmstjerna Renée Zellweger som har norsk mor, har fortalt at ho er stor fan av Solo.[1]
  • I 2006 inneheld ei lettsukra Solo-flaske desse ingrediensane ifølgje etikett:

Vatn, 8% appelsinjuice, karbondioksid, syre (sitronsyre), søtstoff (acesulfam K, aspartam*), naturleg appelsinaroma, konserveringsmiddel (natriumbenzoat), antioksidant (askorbinsyre), stabilisator (guarkjernemel, akasiegummi), vegetabilsk olje frå kokos, farge (betakaroten, E160e).

Innhald Mengd (pr. 100ml)
Energi 14,7 kJ (3,5kcal)
Protein 0 g
Karbohydrat (sukker) 0,8 g
Feitt 0g
Kostfiber 0 g
Natrium 3004 g

Tapperi[endre | endre wikiteksten]

Drikken blir i dag tappa av Ringnes, Oskar Sylte, Aass og Mack, som saman eig marknadsføringsføretaket A/S Solo.

Varemerket Solo er eigd av marknadsføringsføretaket. Varemerket nyttast i dag på fleire produkt i tillegg til det opphavlege: Solo Super, Solo Pluss og Solrik (utan kolsyre, pappboks). Namnet vert òg nytta på ein fruktis produsert av Hennig-Olsen.

Tidlegare var Solo tappa av Aktiebryggeriet.

Kjeldet[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]