Barokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barokken var ei retning innan europeisk kunst som gjorde seg gjeldande på 1600- og 1700-talet. Kunstretninga verdsette drama og detaljar, ornamentering og stas, og som gjorde seg gjeldande innan dei fleste kunstformene, som musikk, arkitektur, forfattar-, målar- og bilethoggjarkunst. Barokken tok til rundt 1600 i Roma, og spreidde han seg til resten av Europa med støtte frå den katolske kyrkja, som brukte stilen som eit ledd i sin motreformasjon. Barokkunsten i ulike land fann ulike lokale uttrykksmåtar.

Ein seier gjerne at barokken var ein reaksjon mot dei strenge prinsippa om harmoni og nøysemd frå renessansen. Han valde vekk fleirtydigheit og det mystiske, og søkte mot kjenslene heller enn mot intellektet slik manierismen hadde gjort. Kunsten frå denne tida er direkte, dramatisk og enkel.

Dramatisk barokkportrett måla av Adriaen van der Werff.

Byggjekunst[endre | endre wikiteksten]

Både bygningar og møbler frå barokken var kolossale og prangande, laga for å imponera. Ein foretrakk ornament framfor rette linjer, brukte kuplar og søylegangar, og var opptekne av kontrastar mellom lys og skugge, masse og tomt rom. Skulpturar og bilete vart tekne i bruk som delar av bygga.

Byplanleggjing frå denne tida tok utgangspunkt i barokke parkar, med alléar som gjekk ut frå eit senter og og torg der dei møtte kvarandre. Barokken var ei viktig påverking heilt fram til utpå 1700-talet, då nyklassisismen tok over.

Zwinger i Dresden

Ein finn særleg mange barokke bygg i det sentrale Tyskland, til dømes slottet i Ludwigsburg og Zwinger i Dresden, og i Austerrike, men ein finn òg døme på barokk byggjekunst og byplanleggjing over heile Europa og i dei tidlegare spanske koloniane i Amerika og Asia.

Kjende barokkbygg er mellom anna Peterskyrkja i Roma, Slottet i Versailles, St. Pauls katedral i London, og Invalidedomen i Paris. Kongsberg kyrkje er eit litt mindre kjend norsk bygg i denne stilen.

Visuell kunst[endre | endre wikiteksten]

Fascinasjonen med lys og skugge var sjølvsagt framtredande i målarkunsten på denne tida. Målarane brukte òg flotte, draperte stoff som viktig verkemiddel.

Symbolikken i bilete og skulpturar vart medvite forenkla, slik at alle kunne få utbytte av kunsten, ikkje berre dei lærde. Skulpturane frå barokken er fulle av rørsle og krefter. Dei er gjerne laga slik at dei kan sjåast frå fleire sider.

Forfattarkunst[endre | endre wikiteksten]

Innan litteraturen søkte ein igjen å røra lesaren med veldige verkemiddel og mange ord. Allegoriar og metaforar var i flittig bruk, og form var ofte viktigare enn innhald. Forfattarane søkte etter under i tilværet, og tok ofte for seg religiøse emne.

Utøvande kunst[endre | endre wikiteksten]

Den virtuose fiolinisten Vivaldi.

Den barokke musikken kom litt seinare enn resten av barokken, men han kom godt. Meistrar som Bach og Händel skapa stykke som er populære og velkjende den dag i dag. Eit av dei viktigaste trekka ved musikken frå denne perioden er ornamentering, med mange triller og løp, og rom for improvisasjon. Ein dyrka virtuosar, særskild gåverike utøvarar, noko ein mellom anna kan sjå ved at barokkmusikken ofte er mykje vanskelegare å spela enn renessansemusikken.

Opera var ei populær kunstform under barokken, fordi ho samla musikk, dans og teater til eit overveldande heile. Elles laga og framførde ein mange oratorium, kantatar, og virtuos orgelmusikk som toccataer og fuger.

Uttrykket «barokk»[endre | endre wikiteksten]

Det var først på 1800-talet at ordet «barokk» vart brukt som namn på stilen. Det er usikkert kva ordet opphavleg tydde. Ein nemner ofte barrocco, som tyder 'ujamn perle' eller 'falsk edelstein' på portugisisk, men det italienske ordet baroco, brukt om ei veik slutning i logisk Scholastica, er også mogleg.

Opphavleg brukte ein ordet nedsetjande om den overflødige detaljrikdommen i barokken, samanlikna med den strenge, klare renessansen. Ordet tyda noko slikt som forvridd absurd eller grotesk. Men den tyske kunsthistorikaren Heinrich Wölfflin viste at det var ei kunstform, og ikkje mangel på kunst, og slik har uttrykket vorte brukt sidan.

Viktige namn[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nordmenn[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Måling[endre | endre wikiteksten]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!