Tutti
Tutti er eit italiensk ord som tyder alle eller i saman.
Som eit musikalsk uttrykk vert det nytta på forskjellig vis:
1) Det kan vise til ein orkesterpassasje der alle medlemmene i orkesteret )(eller delar av eit orkester) spelar samstundes. I eit konsertstykke indikerer det delar for heile orkesteret, i motsetnad til delar for solistane. Det vert nytta på liknand vis i kormusikk, der heile seksjonar eller heile koret syng samstundes.
2) Ein som orkestrerer eit stykke kan spesifisere at ein musikar i orkesteret skal spele aleine, medan resten av seksjonen er stille under soloen. Det står då skrive solo på partituret der soloen startar, og tutti der heile seksjonen starta å spele att.
3) I orgelmusikk indikerer det fullt orgel: alle pipene vert opna. Dette vert stundom skrive på partitur som
.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tutti» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Apel, Willi, ed., Harvard Dictionary of Music, Second Edition, Revised og Enlarged. The Belknap Press of Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts, 1969. SBN 674375017