Someşul Mic
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Someşul Mic | ||
|
|
||
| Utspring | Der Someşul Rece og Someşul Cald renn saman. | |
| Munning | Someş ved Dej | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 178 km | |
| Nedslagsfelt | 3 773 km² | |
Someşul Mic (Vesle Someş, ungarsk: Kis-Szamos) er ei elv nordvest i Romania (Cluj fylke). Ho oppstår der dei to elvae Someşul Cald og Someşul Rece renn saman i Gilău. Desse kjem frå Apusenifjella. Frå her renn Someşul Mic austover og så nordover gjennom Cluj-Napoca, Apahida og Gherla, før ho møter Someşul Mare i Dej. Nedanfor Dej vert elva kalla Someş.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Someşul Mic River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: