Songen Surfin' Safari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Surfin' Safari»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfin' Safari
B-side «409»
Utgjeve 4. juni 1962
Innspelt 19. april 1962
Sjanger Rock
Lengd 2:05
Selskap Capitol Records
Låtskrivar(ar) Brian Wilson og Mike Love
Produsent Murry Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Surfin'»
(1961)
«Surfin' Safari» «Ten Little Indians»
(1962)

«Surfin' Safari» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for The Beach Boys. Han vart gjeven ut som singel med «409» som B-side i 1962. Songen kom òg ut på albumet med same namn, Surfin' Safari same året.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen var den første bandet spelte inn i World Pacific Studios den 8. februar 1962. Innspelingane dei gjorde denne dagen kom derimot ikkje ut før mange år seinare. Den einaste skilnaden mellom desse tidlege utgåvene og den offisielle utgjevinga var at Al Jardine spelte gitar i staden for David Marks.

Den offisielle utgåva vart spelt inn i Western Recorders den 19. april 1962. Innspelinga vart produsert av Brian Wilson med David Marks og Carl Wilson på gitar, Brian Wilson på bassgitar og Dennis Wilson på trommer. Mike Love syng solovokal medan Brian, Carl & Dennis Wilson og Mike Love syng korvokal. På same innspelinga spelte dei inn «409», «Lonely Sea» og «Their Hearts Were Full Of Spring». Denne innspelinga vart gjeven til Capitol Records som ei demoinnspeling. Selskapet var imponert og gav bandet kontrakt. «Surfin' Safari» vart gjeven ut som den første singelen deira på Capitol Records.

Singelen[endre | endre wikiteksten]

Let's go surfin' now.
Ev'rybody's learnin' how.
Come on a safari with me

Brian Wilson og Mike Love

Singelen kom ut i juni 1962. Opphavleg meinte Capitol Records at «409» burde vere A-sida, og starta å promotere denne songen for radiostasjonane. Radiostasjonane valte derimot heller å spele «Surfin' Safari» og han vart ein stor nasjonal hit.

Singelen nådde 14. plass på den amerikanske singellista, medan «409» òg gjekk inn på lista på ein 76. plass. Singelen selde om lag 900 000 det første året, som ikkje var nok for å oppnå gullplate.

Singelen vart òg gjeven ut i Europa hausten 1962, men selde dårleg her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]