Sophie Scholl – Die letzten Tage
| Sophie Scholl – Die letzten Tage Norsk tittel: Sophie Scholls siste dager |
||
| Opphavsland | Tyskland | |
| Sjanger | Krigsdrama | |
| Regissør | Marc Rothemund | |
| Manus | Fred Breinersdorfer | |
| Medverkande | Julia Jentsch Fabian Hinrichs |
|
| Musikk | Reinhold Heil Johnny Klimek |
|
| Utgjevingsår | 2005 | |
| Lengd | 120 min. | |
Sophie Scholl – Die letzten Tage (på norsk Sophie Scholls siste dager) er ein tysk film regisert av Marc Rothemund, med Julia Jentsch i hovudrolla som Sophie Scholl. Scholl var medlem av den antinazistiske gruppa Den kvite rosa under Den andre verdskrigen.
Prisar [endre]
Under filmfestivalen i Berlin fekk regissør Marc Rothemund sølvbjørnen for beste regissør, medan Julia Jentsch fekk sølvbjørnen for beste skodespelar. Filmen var nominert til Oscar-utdelinga i 2005 for beste utanlandske film.
Handling [endre]
Filmen fortel om dei siste levedagane til Sophie Scholl, frå ho blir arrestert saman med broren Hans 18. februar 1943 i Ludwig-Maximilians-universitetet i München, for å ha delt ut pamflettar, til ho blir avretta med giljotin 22. februar. Avhøyra av ho blir vist, i tillegg til rettsaka mot ho og dei to andre tiltalte.
Filmen er ei detaljtru gjengjeving av den faktiske historia, og grundig forsking ligg til grunn for filmen. Stor vekt er lagt på å gjenskape autentiske kulissar.