Sorenskrivar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sorenskrivar er ein dommar som også er leiar av tingretten. Sorenskrivaren er ein offentleg embetsmann.

Innhaldsliste

Historie [endre]

Sorenskrivarembetet har lang historisk tradisjon i Noreg, heilt tilbake til 31. juli 1591, då sorenskrivarordninga blei introdusert i bygdetinga. Sorenskrivarvervet vart frå 1634 eit dommarverv. Kong Christian Vs norske lov av 1687 gjorde at sorenskrivarane blei einedommarar i fleste rettssakene.

Kjende sorenskrivarar [endre]

Nokre kjende sorenskrivarar som mellom anna var med på å utforme den norske grunnlova er:

Etymologi [endre]

Ordet sorenskrivar er ei avleiing av formuleringa «svoren skrivar». Opphavleg var ikkje sorenskrivaren ein dommar, men ein person som assisterte ved utforminga av domsdokumenta, og skreiv ned dommane - ei følgje av at det ikkje var vanleg at folk kunne skrive i 1591.

Sjå også [endre]