Sovekommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sovekommune er ein kommune der ein stor del av arbeidstakarane i kommunen pendlar til andre kommunar. Namnet kjem av påstanden om at innbyggjarane stort sett nyttar kommunen for å sova. Eit anna, meir positivt lada, ord for det same er «bukommune».

Det er vanlegvis kommunar som ligg nær dei store byane som blir kalla sovekommunar, fordi mange av innbyggjarane der arbeider i byen. Bykommunane pressar ofte på for kommunesamanslåingar med dei nærliggjande sovekommunane for å ta del i skatteinntektene frå arbeidstakarane.

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Fransk har eit liknande uttrykk: «ville-dortoir» («sovesalby»).