Spacewatch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spacewatch er eit prosjekt ved Universitetet i Arizona som spesialiserer seg på studie av småplanetar, inkludert ymse typar asteroidar og kometar.

Prosjektleiaren er Robert S. McMillan

Oppdagingar[endre | endre wikiteksten]

Spacewatch oppdaga ein jupitermåne, no namnsett Callirrhoe, som ein først trudde var ein asteroide.

Andre oppdagingar verdt å nemna inkluderer 60558 Echeclus, 5145 Pholus, 20000 Varuna, 1998 KY26, (35396) 1997 XF11 og (48639) 1995 TL8. Prosjektet gjenoppdaga òg asteroiden 719 Albert som for ei lang stund var tapt. Den periodiske kometen 125P/Spacewatch ber namnet til prosjektet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]