Sparkstytting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå sparking for det å sparka.
Ein spark kan vera nyttig på isfiske. Dette biletet er frå Gasperau Lake i Nova Scotia
Spark-skulpturen på Tynset, med vanlig spark i framgrunnen

Ein sparkstytting eller sparkstutting, ofte òg kalla spark, er ein stytting (ein slags liten slede) som er bygd opp av ein stol som det er påmontert to meiar under. Meiane fortset attover til i overkant av det doble av lengda av stolen. Sparken vert driven framover av at føraren står på den eine meien og sparkar attover på underlaget med andre foten — derav namnet spark(stytting). Meiane er noko fleksible, og sparken kan styrast med hjelp av handtaka som er monterte i øvre kanten av stolryggen. På stolsetet kan ein ha ein passasjer eller anna last.

Ein spark kan berre køyrast på harde, glatte underlag som is eller hardpakka snø. Det ideelle sparkføret er middels glatt, der gliden for meiane er godt balansert opp mot det festet som må vera mellom skoen og underlaget for at ein skal kunna få framdrift. Ein kan då lett koma opp i fart på kring 15–20 km/t, eller endå meir i unnabakke.

Sparken er vanleg i bruk i Noreg, Sverige og Finland på vinterstid, særleg på vegstrekningar som ikkje er salta eller strøydde med sand.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Truleg vart sparken slik me kjenner han funnen opp i Sverige på siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste sikre opplysninga om sparkstyttingen er frå ei svensk avis som i 1872 skreiv om bruk av farkosten på dei islagte elvane og fjordane ved Piteå. Til Noreg kom sparken fyrst kring 1900.

Spark som idrettsgrein[endre | endre wikiteksten]

I åra frå 1890 til 1910 var hurtiglaup på sparkstytting ein populær idrett, særleg i Sverige. Sparkstyttinglaup var eiga øving i dei nordiske leikane (forlauparen til dei olympiske vinterleikane).

Rundt 1990 vart hurtiglaup på sparkstytting igjen ein seriøst driven idrett i Finland. Det vert no helde laup som er opp til 100 km lange og gjennomsnittfarten til utøvarane er om lag 30 km/t. Ein lettvekts hurtiglaupsspark vert masseprodusert av det finske firmaet ESLA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]