Speleologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grotte des Faux-Monnayeurs i Mouthiers-Haute-Pierre i Frankrike.

Speleologi eller hóleforsking er eit samleomgrep på vitskaplege studium av naturleg danna holrom og grotter, først og fremst karstholer i kalksteinsområde.

Utforsking av grotter har vore drive i lang tid, mellom anna er det kjent skildringar frå assyriske handskrifter frå meir enn 1000 fvt. I mellomalderen finst mange skildringar om hòler, oftast prega av overtrua på den tida.

Systematiske studium av grotter i nyare tid tok til omkring 1800. Føregangspersonane var franskmennene Gabriel Auguste Daubrée og Édouard-Alfred Martel. Sistnemnde reknast som grunnleggjaren av holeforskingar, han som systematiserte forskinga og gjorde han til vitskap. I løpet av femti år undersøkte han over 1500 sjaktgrotter i Europa og Amerika.

I Noreg studerte geologane John Oxaal og Gunnar Hansen Horn hòler i Nordland. Seinare skildra franskmannen Jean Corbel grotter i Noreg. Ved Universitetet i Bergen blir det drive forsking og undervising i speleologi.

Sidan slutten av 1950-åra har Noreg jamleg hatt besøk av britiske grotteklubbar som har funne og utforska ei mengd nye grotter, spesielt i Rana-området.

Speleologi omfattar til ei viss grad òg utforsking og kartlegging av grotter, og mange har dette som ein spennande hobby som ofte involverer både fjellklatring og dykking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]