Spijkenisse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Spijkenisse | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Dorpskerk i Spijkenisse | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
| Styresmakter | |||||
| Land Provinsar |
Zuid-Holland |
||||
| Borgarmeister | Mirjam Salet | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
30,23 km² 26,16 km² 4,07 km² |
||||
| Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
73 327 2 803/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Nettstad: www.spijkenisse.nl | |||||
Spijkenisse er ein kommune og by vest i Nederland i provinsen Zuid-Holland med om lag 75 000 innbyggjarar.
Kommunen inneheld òg tettstadane Hekelingen, Den Hoek og Beerenplaat.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Området rundt Spijkenisse har vore busett i mange tusen år og folket her livnærte seg av fiske i Maas og jakt i myrområda rundt.
Byen vart først nemnd i 1231 som Spickenisse. Namnet kjem frå orda spieke («landtunge») og nesse («nase») som tyder «spiss nase» og refererer til ei landtunge som stakk ut i elva.[2]
Byen høyrde først til Putten, men i 1459 vart lenet Putten overført til Filip III av Burgund. I 1581 kom området inn under greven av Holland.[3]
På 1500-talet vart landsbyen råka av fleire flaumar.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Spijkenisse» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2008.