Maas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maas
Maas i Maastricht
Maas i Maastricht
Utspring Frankrike
- Høgd 409 m
Munning Hollands Diep
Land i nedslagsfelt Frankrike, Belgia, Nederland
Lengd 925 km
Middelvassføring 230 m³/s
Nedslagsfelt 36,000 km²
Kart over Maas
Maas nær Grave

Maas (fransk Meuse) er ei elv som renn frå Frankrike, gjennom Belgia og Nederland før ho renn ut i Nordsjøen. Den totale lengda hennar er 925 km.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Maas har sitt utspring i kommunen Le Châtelet-sur-MeuseLangres-platået i Frankrike, og renn frå her og nordover forbi Sedan og Charleville-Mézières, og vidare inn i Belgia. Ved Namur renn ho i hop med elva Sambre. Vidare frå her svingar Maas austover og innom Ardennane, før ho passerer Liège og renn vidare nordover. Elva dannar så grensa mellom Belgia og Nederland, bortsett frå ved Maastricht der grensa ligg lenger vest. I Nederland held elva fram nordover forbi Venlo nær grensa til Tyskland, før ho snur vestover og slår seg saman med Rhinen i eit massivt elvedelta. Elva deler seg nær Heusden i Afgedamde Maas til høgre og Bergse Maas til venstre. Bergse Maas renn gjennom Amer, og slår seg saman med Nieuwe Merwede til Hollands Diep, før ho til slutt renn ut i Nordsjøen via Haringvliet.

Maas vert kryssa av jarnbanebruer mellom følgjande stasjonar (venstre sida av elva nemnd først):

Det finst òg talrike vegbruer og rundt 32 ferjer som kryssa elva.

Maas er framkomeleg for skip nesten heile lengda si. I Nederland og Belgia er elva ein del av den store infrastrukturen i innlandet, og knyter saman hamneområda i Rotterdam, Amsterdam og Antwerpen med industriområde lenger oppe i elva: 's Hertogenbosch, Venlo, Maastricht, Liège, Namur. Mellom Maastricht og Maasbracht, er det eit parti av elva som ikkje er framkomeleg, og her går det ein 36 lang omveg via Julianakanalen. Sør for Namur, lenger oppe i elva, er det berre morderate fartøy som kan gå, men prammar opp til 100 meter lange kan likevel nå den franske grensebyen Givet.

Frå Givet går det ein 272 kilometer lang kanal. Denne kanaliserte delen av Maas vart tidlegare kalla «Canal de l'Est - Branche Nord», men vart nyleg omdøypt til «Canal de la Meuse». Vassvegen kan brukast av dei minste prammane som framleis er i kommersielt brukt (nesten 40 meter lange og like over 5 meter breie). Like oppfor landsbyen Commercy går Canal de la Meuse i hop med Canal de la Marne au Rhin via ein kortare kanal.

Sjøreptilen Mosasaur frå krittida er kalla opp etter Maas, sidan det første fossilet av dyret vart oppdaga nær Maastricht i 1780.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Dei største sideelvane til Maas er lista opp nedanfor i rekkefølgje oppover i elva, i lag med næraste landsby eller by der dei møtes:

Utsyn over Maas frå dei franske Ardennane

Département, provinsar, landsbyar og byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • "Das Lied der Deutschen, og kalla Das Deutschlandlied, den tyske nasjonalsongen skrive i 1841. Han skildrar eit Tyskland der Maas er den vestlege grensa, sidan elva renn nær grensa til Nederland.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maas