Sprøhagl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Handfull sprøhagl.

Sprøhagl (METARkode: GS)[1] er ein form for hagl som er danna av underkjølte vassdropar som møter og frys på fallande snøflak, og dannar 2–5 mm kuler med rim. Dei er kvite og ugjennomsiktige og går lett i stykke når dei treffer ein hard bakke. Dei fell gjerne i temperaturar nær 0 °C og er typisk for vinterlege kaldluftframstøyt over temperert hav.

Kjelder [endre]

  1. Notations for Reporting Present Weather. Department of Atmospheric Sciences, Texas A&M University.