Sprengstoff
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sprengstoff er eit eksplosiv eigna til sprenging fordi det kan utvida seg kraftig over kort tid. Dei er typisk kjemisk ustabile stoff som har lett for å reagera og kan avgje mykje energi raskt. Dette skjer vanlegvis i samband med varmeutvikling, store trykkendringar og typisk eit lysglimt og/eller ein høg lyd når stoffet eksploderer.
Ein bruker sprengstoff mellom anna til å sprenga vekk fjellmasse i samband med utbygging, gruveverksemd og liknande, og i militær samanheng til sabotasje og inni sprengvåpen som bomber og granatar.
Døme på sprengstoff[endre]
- Dynamitt
- Nitroglyserin
- Trotyl (TNT, TriNitroToluen)
- Plastisk sprengstoff
- Slurry
- Cordit
- Gelignit
Sjå òg[endre]
- Ammunisjon
Denne kjemiartikkelen som har med teknologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.