Sredna Gora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn mot Sredna gora frå den trakiske grava nær Starosel

Sredna Gora (Средна гора) er ei fjellkjede i Bulgaria, parallelt til Balkanfjella. Ho strekkjer seg mellom elva Iskar i vest til Tundzja nord for Jambol i aust. Sredna Gora er 285 km lang, og 50 km brei på det breiaste. Den høgaste toppen er Goljam Bogdan på 1 604 meter.

Fjellet er delt inn i tre av elvane Topolnitsa og Strjama — ein vestleg del (Zapadna eller Ihtimanska Sredna Gora), ein sentral del (Sasjtinska Sredna Gora) og ein austleg del (Sarnena Gora).

Dyrelivet i Sredna gora er relativt dårleg samanlikna med andre område av Bulgaria, og ein har berre artar som er typisk Sentral-Europa.

Koordinatar[endre | endre wikiteksten]

42°30′N 25°00′E

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]