Tundzja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tundzja
Tunca
elv
none  Tunca ved Edirne i Tyrkia
Tunca ved Edirne i Tyrkia
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria, Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kjelde Aust for fjelltoppen Botev i Balkanfjella i Bulgaria
Munning Maritsa i Edirne i Tyrkia
Lengd 350 km
Nedslagsfelt 7 884 km²

Tundzja (bulgarsk Тунджа, tyrkisk Tunca) er ei elv i Bulgaria og Tyrkia, og den største sideelva til Maritsa. Dei renn i hop nær Edirne i Tyrkia.

Elva har sitt utspring i sentrale område av Balkanfjella, nord for Kalofer, og renn så austover før ho brått snur sørover før Jambol. Slik renn ho heilt til ho munnar ut i Maritsa. Lengda til Tundzja innanfor Bulgaria er 350 km. Ho har om lag 50 sideelvar, og dei viktigaste av desse er Motsjuritsa, Popovska og Sinapovska.

Av landsbyar langs breidda av elva finn ein Kalofer, Jambol og Elhovo.