Stancomb-Willsstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 75°18′S 19°0′W
Stancomb-Willsstraumen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 75°18′S 19°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Stancomb-Willsstraumen is located in Antarktis
Stancomb-Willsstraumen (Antarktis)

Stancomb-Wills-straumen er ein stor isbre som flyt ut i austlege Weddellhavet sør for Lyddan Island. Isbreen vart oppdaga under U.S. Navy sin flytur med eit LC-130-fly over kysten den 5. november 1967, og vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå fotografi tekne på den tida. Namnet vart nytta av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1969.

Stancomb-Wills-bretunga er ei lang bretunge som stikk ut i sjøen frå Stancomb-Wills-straumen aust i Weddellhavet. Brefronten av denne tunga vart oppdaga i januar 1915 av ein britisk ekspedisjon leia av Ernest Shackleton. Han namngav han «Stancomb-Wills Promontory», etter dame Janet Stancomb-Wills, som gav pengar til ekspedisjonen. I 1969 vart namnet endra av US-ACAN til «Stancomb-Wills-bretunga».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Stancomb Wills Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).