Stanovojfjella

Koordinatar: 56°20′N 126°00′E / 56.333°N 126.000°E / 56.333; 126.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stanovojfjella (russisk Становой хребет - Stanovoj khrebet, kinesisk 外兴安岭) eller Ytre Kingjanfjella er ei fjellkjede søraust i Russland. Ho er om lag 725 km lang og går hovudsakleg frå elva Oljokma i vest til elva Majar i aust, nær Okhotskhavet, og er ein del av vasskiljet mellom Lena og Amur. Det høgaste punktet er Gory Skalisty på 2482 meter over havet.

Fjellkjeda har mange isbrear, som er hovudkjelda til Lena.

Sjølv om ho stort sett ikkje er busett er ho historisk viktig som ein del av grensedefinisjonen mellom Russland og Kina i Nertsjinsk-traktaten (1689).

Jablonvyfjella kan rekanst som ei sørvestleg forlenging av Stavonoj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

56°20′N 126°00′E / 56.333°N 126.000°E / 56.333; 126.000