Statens Landbruksbank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statens Landbruksbank var ein norsk statleg bank som lånte ut pengar til investeringar i landbruket mot pant i fast eigedom. Den blei oppretta 5. februar 1965, ved ei samanslåing av Norges Hypotekbank, Norges Småbruks- og Bustadsbank og Driftskredittkassen for jordbruket. Oppgåvene til Statens Landbruksbank blei frå 1. januar 2000 overtatt av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og Statens landbruksforvaltning.