Landbruks- og matdepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statsikon.svg
Type Departement
Virkefelt Noreg
Skipa 14. desember 1899[1]
Statsråd Sylvi Listhaug
Hovudkontor Regjeringskvartalet, Teatergata 9, Oslo
Tilsette 155 (2014)[2]
Nettside lmd.regjeringen.no
Denne boksen: vis  diskuter  endre

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for norsk matpolitikk og landbrukspolitikk. Matpolitikken skal sikra forbrukararne trygg mat av rett kvalitet gjennom ein sunn matproduksjon. Det skal leggjast til rette for eit ernæringsmessig fullgodt kosthald. Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Fiskeridepartementet og Sosial- og helsedepartementet ansvar for utforming av matpolitikken og forvalting av matvaresystemet frå primærproduksjon fram til forbrukarane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1. oktober 2004 skifta det tidlegare Landbruksdepartementet namn til Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdepartementet vart oppretta ved kongeleg resolusjon av 17. februar 1900 med verknad frå 1. april 1900 under namnet Det Kongelige Landbrugsdepartement. Før den tid sorterte landbrukssaker under Indredepartementet. Skogdirektoratet (1875), Landbruksdirektoratet (1877) og Veterinærdirektoratet (1894) gjekk inn i Landbruksdepartementet ved opprettinga i 1900.

Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]

Sylvi Listhaug vart statsråd med ansvar for Landbruks- og matdepartementet frå 16. oktober 2013.

Underliggjande etatar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lidtveit, Aslak: Det kongelige landbruksdepartement 1900–1975, Oslo 1975.
  • Stubsjøen, Magne (red.): Vekst og vern: Det kongelige landbruksdepartement 1900–2000, Oslo 2000.