Sten Glenn Håberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sten Glenn Håberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. april 1964 (60 år)
Kristiansand kommune
Idrett fotball

Sten Glenn Håberg (fødd 22. april 1964) er ein tidlegare fotballspelar frå Kristiansand. Han var Start-spelar i til saman 8 sesongar, elles aktiv i Lillestrøm SK, SK Brann og Åsane IL. Håberg var angreps- og offensiv midtbanespelar. Han var med i 8 landskampar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Håberg melde seg i november 1980 inn i IK Start. Etter fem sesongar i Start melde han overgang til Lillestrøm SK, var aktiv der i 1986 og 1987. Hausten 1986 deltok han i NM-finalen, ein som overraskande enda 4–1 siger til Tromsø IL. Åra 1988-90 var han på ny å sjå i Start-drakta. Deretter var han Brann-spelar frå 1991 til 93, der det vart mykje benkesliting. Han avslutta si aktive tid med å spele for Åsane IL på nivå 2 i 1994-sesongen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I 1986/87 deltok Håberg i 7 av Noregs landskampar, den åttande og siste kom 2. mai 1989. Ikkje ein einaste av desse enda med norsk siger.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • NM-finalist: 1986 med Lillestrøm SK
  • Bronse i 1. divisjon: 1984 med IK Start

Kjelder[endre | endre wikiteksten]