Stephanie de Sykes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stephanie de Sykes
Fødd1948 (76 år)
OpphavStorbritannia
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar

Stephanie de Sykes (fødd Stephanie Ryton, 1948) er ein britisk songar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho fekk ein hit i 1984 med «Born With a Smile on My Face», som nådde andreplassen på UK Singles Chart.[1] Ho spelte òg inn kjenningsmelodien til fjernsynsprogrammet The Gullen Shot med gruppa 'Rain' same året.[2]

Ho var medlem av korgruppa Birds of Paris, som vart nytta i 1970-åra for mange discogrupper og artistar. Andre medlemmar i denne gruppa var mellom andre Madeline Bell, Joanne Stone, Kay Garner, Sunny Leslie, Sue Glover, Vicki Brown og Katie Kissoon.

Ho var ein gong medlem av Love & Kisses,[3] ei gruppe starta av produsenten til Demis Roussos, Alec R Costandinos. Ho song òg i gruppene Sphinx[3] og Voyage.

I lag med ektemannen Stuart Slater, frontmann i The Mojos, skreiv ho to britiske Eurovision Song Contest-songar, Co-Co sin «The Bad Old Days»[2] og Prima Donna sin «Love Enough for Two» i 1978 og 1980.[4][5]

De Sykes song korvokal for Meat Loaf i 1984 på albumet Bad Attitude.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ChartArchive – The Chart Archive». Chartstats.com. Henta 14. april 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Stephanie De Sykes – Biography – IMDb». Media-imdb.com. 1 Mai 2009. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 14. april 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Stephanie de Sykes | Songs». AllMusic. Henta 14. april 2016. 
  4. «Coco* – Bad Old Days (Vinyl, LP) at Discogs». Discogs.com. Henta 14. april 2016. 
  5. «Prima Donna (3) – Love Enough For Two (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 14. april 2016. 
  6. «Bad Attitude – Meat Loaf | Credits». AllMusic. Henta 14. april 2016.