Storvesir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storvesiren gjev audiens «under domen»

Storvesir, Sadr-ı Azam (Sadrazam) eller Serdar-ı Ekrem (på osmansk-tyrkisk صدر اعظم eller وزیر اعظم), opphavleg frå det persiske ordet «vesir» (وزير), var den øvste ministeren til sultanen i Det osmanske riket og hadde absolutt fullmakt. Han kunne i prinsippet berre avsettast av sultanen sjølv. Han var den øvste leiaren og kunne kalle inn alle dei andre vesirane til møte. Denne samlinga vart kalla «Kubbealtı viziers» (vesirar av (under) domen) som viste til arkitekturen ved møteplassen deira i Topkapıpalasset. Offiserane hans heldt til ved Den høge porten.

Storvesir, Vazīr-e Azam, er òg den offisielle urdutittelen til den pakistanske statsministeren (minstrane vert kalla vesirar).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]