Strålingstrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Strålingstrykk er det trykket elektromagnetisk stråling, som lysstråling og varmestråling utøvar på omgivnadane. I eit strålingsfelt i termodynamisk likevekt med omgivnadane (holromstråling) er strålingstrykket lik 1/3 av energitettleik. Ei stråle (plan bølgje) som fell inn mot ein absorberande vegg, utset veggen for eit strålingstrykk lik energitettleiken i strålen. Er veggen fullt reflekterande, blir trykket det dobbelte. Strålingstrykket kan målast med radiometer og nyttast i bolometer for å måle den spektrale samansetnaden til sollyset. Ein tenkjer seg at det kan nyttast for framdrift i verdsrommet ved å la solstrålar falle mot store, lette reflektorar, solsegl. Strålingstrykk vart først påvist av P. N. Lebedev i 1901, og målt kvantitativt av W. Gerlach i 1924.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]