Radiometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crookes radiometer

Eit radiometer er eit måleinstrument som måler strålingsintensitet eller effekten i elektromagnetisk stråling. Dei vert først og fremst nytta for å måle infraraudt lys, til dømes i miljøsatellitter.

Spesielt kjent er Crookes radiometer, ein spindel i ein glassballong som roterer når lys fell på vengjene. Vengjene er reflekterande på den eine sida og svarte på den andre sida. Det vert stundom feilaktig sagt at radiometeret roterer på grunn av strålingstrykk. Det er derimot ikkje rett og spindelen roterer fordi den svarte sida vert varmare enn den andre. I fortynna luft oppstår då eit trykk som driv hjulet rundt, termisk molekylartrykk (Martin Knudsen-effekten).

Betre er Golay-radiometret, der stråleoppvarming av ein utspent film i ein lita celle fører til endring i krumminga av ein spegl. Forandringa blir påvist ved måling av forandringa i retninga til ein reflektert lysstråle. Andre typar er bolometeret og mikroradiometeret (òg kalla radiomikrometer), som er eit termoelement kombinert med eit særs kjenslevart galvanometer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]