Studentradioen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Studentradioen i Bergen (SriB) er ein studentdriven, reklamefri nærradiostasjon i Bergen. Ho er byens eldste nærradio, og har halde på sidan 1982. Tidlegare år, frå midten av 1960-talet, hadde studentar i Bergen hatt sendingar i høve studentervekene.

SriB er ein del av Studentradioane i Noreg (SiN) og har rundt 180 frivillige medarbeidarar. I tillegg løner dei éin fulltidstilsett og to deltidstilsette; henhaldsvis ansvarleg redaktør, dagleg leiar og teknisk sjef, som tilsetjast av styret. Kanalen er ikkje-kommersiell, og mottek støtte frå Velferdstinget Vest. Radioprogramma er sortert under sju redaksjonar; underhaldning, nyhende og samfunn, kultur, musikk og humor og underhaldning, aktualitet og nettredaksjonen, samt ei teknisk avdeling på tvers av heile organisasjonen.

Frå 2009 til 2017 var lokalradioen hovudkonsesjonær for lokalradiofrekvensane på FM i bergensområdet, og fylte sendetida saman med ei rekke andre lokalradioar. Sidan september 2017 er Studentradioen i Bergen ein 24-timarsradio utan underkonsesjonærar. Frå 5. februar 2019 vart radiokanalen også tilgjengeleg på DAB i Hordaland. Den er framleis tilgjengeleg på nett og på FM.

Kjente personer som har vært medlem av SRIB inkluderer blant annet Karl Ove Knausgård[1], Tore Renberg[2], Arill Riise[3], Christian Mikkelsen[4] og Desta Marie Beeder[5].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «Knausgård gjør comeback som radioprogramleder», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 8. oktober 2020 
  2. «Debatt: – Dette er nøkkelen til Bergens suksess», www.bt.no (på norsk bokmål), henta 8. oktober 2020 
  3. endret 17:02, Nettredaksjonen Martine Å Markussen Publisert 30/08/2014 12:00 Sist, «Radiotryne: Arill Riise», Studentradioen i Bergen (FM 107,8) (på engelsk), henta 8. oktober 2020 
  4. endret 17:02, Studentradioen i Bergen Anine Johnsen og Marianne Monstad Publisert 16/08/2014 12:00 Sist, «Radiotryne: Olav og Christian fra Vinterhagen», Studentradioen i Bergen (FM 107,8) (på engelsk), henta 8. oktober 2020 
  5. endret 17:02, Nettredaksjonen Elisabeth Urdal Publisert 08/08/2014 14:00 Sist, «Radiotryne: Desta Marie Beeder», Studentradioen i Bergen (FM 107,8) (på engelsk), henta 8. oktober 2020